Geiranger skule
6216 Geiranger
Tlf 46411114
     46411115
SFO: 46411116
Barnehagen: 46411117

Ordensreglar

Ordensreglar

 

ORDENSREGLAR

FOR

GEIRANGER SKULE

Vår visjon: «Vi vil gjere kvarandre gode»

Vi ønskjer alle at denne visjonen skal prege oss i alt som har med orden og åtferd å gjere. Dersom alle gjer sitt beste for å oppfylle denne visjonen, vil vi få eit læringsmiljø som legg til rette for ein skule med trivsel og god læring.

HALDNINGAR

* «Vi skal vere mot andre som vi vil at andre skal vere mot oss.»
Gjennom skuledagen vil vi at alle oppfører seg slik at ein syner god
folkeskikk og tek omsyn til andre. Dette gjeld også på veg til og frå skulen
og på SFO.

* Skulen er noko vi eig saman, og vi vil difor ta vare på den på best mogleg måte.

* Vi ønskjer at høg arbeidsinnsats og gode arbeidsvanar skal prege skulen vår.

* Vi ønskjer ein god dialog mellom born og vaksne i skulesamfunnet.
I mange høve må likevel dei vaksne som leiarar ta ei avgjerd.
Det vert forventa at elevane rettar seg etter desse avgjerdene.

* Mobbing, - både fysisk og psykisk, skal ikkje finnast i skulemiljøet. Dette
gjeld også på vegen til og frå skulen.

Alle har eit ansvar for å hindre at medelevar blir mobba .
Sjå eigen handlingsplan mot mobbing

PRAKTISKE REGLAR


* Gjennom skuledagen vil vi at alle ter seg slik at ein syner god folkeskikk og tek omsyn til andre.

* Læraren leier og legg til rette for undervisninga. Det er vaksne og elevar sitt ansvar å syte for arbeidsro og skape best mogeleg tilhøve for læring.


*
Når skuledagen tek til, skal alle vere på plass. Nødvendige skulesaker og
mat skal vere med.
Arbeidsoppgåver skal vere gjort til avtalt tid.

* Dersom ein er borte frå skulen, skal det sendast melding gjennom Pedit.

* Vi vil ta eit felles ansvar for å ha det ryddig i korridoren.
Når elevane kjem inn på skulen, skal yttertøy hengast på tilviste knaggar,
og skorne skal stå i skohylle. Vi nyttar innesko på klasseromma.

* Unødig støy og uro i gangane må unngåast.

* Alle gjer sitt til at det blir drege inn minst mogeleg sand og snø frå uteområdet.
Bruk skoristene utanfor ytterdøra, og rist godt av yttertøyet.

* I klasseromma har vi eit felles ansvar for god orden. Bura skal nyttast til
oppbevaring av personlege skulesaker. Alt anna skal stå/hengast på tilvist plass. Rommet skal forlatast i den stand det er når du startar dagen.

* I utetida skal vi ta omsyn til kvarandre under leik. Det er særleg viktig å ta
omsyn til dei som går i barnehagen.

* Av omsyn til dei minste må alle som går gjennom porten syte for at denne
er skikkeleg attlaten og i lås.


* Leik med ball som kan medføre fare for dei som er mindre, skal
gå føre seg i Bingen.

* Snøballkasting skal gå føre seg mot merka blink og slik at ingen kan bli
skadd.

* I matfriminuttet kan ungdomsskulen gå ut av skuleområdet. Dei andre
elevane skal ikkje forlate skulen sitt område i skuletida med mindre avtale er gjort.

* Ein tek ikkje med snop på skulen eller kjøper snop i skuletida.

* Sykling og bruk av rullebrett skal ikkje gå føre seg på skuleområdet.

* Mobiltelefonar og anna privat digitalt utstyr skal ligge avslått i sekken og skal ikkje nyttast i skuletida.

* Det er ikkje tillatt for nokon å bruke tobakk eller rusmiddel på skulen,
heller ikkje på arrangement andre stader der skulen er deltakar.

* Banning og anna uhøvisk språkbruk skal ikkje nyttast.














KONSEKVENSAR

Ordensreglane og klasseromreglane vert brukte som vurderingsgrunnlag innan orden og åtferd.
Elevane har, gjennom elevsamtalar, rett til å vite kor dei står i høve til desse vurderingane


Elevar som bryt reglane fleire gongar vil, etter samtale med kontaktlærar, bli orientert om evt. nedsetting av karakter.

Elevar som ikkje rettar seg etter reglane og syner alvorlege brot på desse, kan i visse høve verte vist bort frå skulen for resten av dagen.

Ved særleg alvorlege brot kan elevar utvisast i inntil 3 dagar. Dette vedtaket vert gjort av rektor i samråd med lærarane.

Reglane skal evaluerast hausten 2011

Vedtak i Samarbeidsutvalet 23.9 2010

Geiranger skule og barnehage.