Telefon:
Sentralbord: 70 26 91 99
Lærarrom: 464 11 104
PEDIT BRUKARRETTLEIING

Kva er PedIT?

PedIT er ei elektronisk læringsplattform, eller det som også vert kalla eit digitalt klasserom, der elevar , lærarar og foreldre via eigne brukarnamn og passord kan få tilgang til bestemte område på internett. Det er utvikla mange læringsplattformer som liknar kvarandre. Grunnskulane i Stranda brukar PedIT.Mange vidaregåande skular og alle høgskular har tatt i bruk elektroniske læringsplattformer. Det opnar nye mulegheiter for å vere elev ved ein skule, sjølv om du bur ein heilt annan stad i verda.

Læraren kan legge ut vekeplanar og oppgåver som elevane kan arbeide med og levere elektronisk  til læraren. Læraren kan gi sine kommentarar via nettet. Læraren kan og opprette fagsider med lenker til nyttige intenettsider. På denne måten kan elevane meir målretta bruke internett som informasjonskjelde i skulearbeidet sitt. Slik målretta bruk av internett sparer elevane for mykje unyttig bruk av tid i leiting etter nyttig informasjon.Læringsplattforma er og eit eigna hjelpemiddel for elevar når det gjeld å presentere ferdige produkt, der ulike media kan vere tatt i bruk: Både tekst, lyd og bilete kan enkelt presenterast her.Det er likevel ikkje meininga at læringsplattforma på nokon måte skal gjere den tradisjonelle undervisninga på skulen overflødig, dette er berre meint å vere eit suplement.  

Foreldra kan og kommunisere med skule og lærarar via dette verktyet, og dei kan på ein enkel måte følgje med på eleven sitt arbeid. Dette føreset at foreldra har fått tilgang til nokre av eleven sine mapper og område.

Læringsforma kan og med fordel brukast som skulen sin informasjonskanal, og vil dermed kunne fungere som skulen si heimeside.Under lenka Informasjon om skulen vil de finne mykje informasjon om Stranda ungdomsskule.

 

Sentralbord: 70 26 91 99
Lærarrom: 464 11 104